Sørlandschips – Rifla Krisp Potetchips Mexican

I dette blogginnlegget deler jeg min erfaring med Sørlandschips sin kundesørvis. Først en kort omtale av produktet jeg sendte inn en klage på:

mexican

Den siste tiden har det kommet svært få chips med rifler fra Sørlandschips. Skal man vinne markedsandeler kan man ikke ignorere de som liker rifler! Man kan ikke gå i krigen uten rifler, pleier jeg å si.

Hvis du er ute etter en kopi av Kims sin klassiker ‘Mexican fiesta’, er ikke denne chipsen noe for deg. Chipsen minner mer om en chips med salt og pepper, med et snev av spisskummen. Det er en god chips.

Terningkast fire.

Jeg har alltid hatt høy terskel for å klage på kundesørvis eller varer. Jeg aksepterer de fleste urimeligheter jeg blir utsatt for (men jeg klager gjerne over dem blant venner i etterkant). Denne gangen rant imidlertid begeret over, og grunnen bør være åpenbar av bildet nedenfor:pose

Ser du det? I posen med rifla chips fant jeg to chips uten rifler… Jeg sendte derfor posen til Sørlandschips AS sammen med et klagebrev med krav om kompensasjon for tort og svie. Her er kjernen i argumentasjonen min: «Jeg har ikke noe imot chips uten rifler, men blir jo litt satt ut (for å si det mildt) når det kommer to glatte chips midt blant alle de rifla. Når to chips uten rifler finner veien oppi en pose med rifla chips, hva annet har funnet veien oppi?»

En helt idiotisk begrunnelse, selvfølgelig, men få dager senere fikk jeg følgende tilbakemelding fra Sørlandschips: «Vi beklager at chipsen du kjøpte ikke var av den gitte kvalitet. Vi sender deg en kompensasjon på kr.100,-.» Videre takket de for tilbakemeldingen.

Det er usympatisk å henge ut noen som gir deg det du vil ha – og Sørlandschips gjør åpenbart det riktige rent PR-messig – men i møte med frustrerte kunder, forvandles store firmaer til underkua middelalderkoner. Ikke bare må de tolerere urimelige krav  – de må takke for dem. Det er i Sørlandschips sin interesse å følge en slik PR-praksis for å unngå potensielle skandaler. Det er imidlertid ikke i samfunnets interesse at folk går rundt og tror de har rett, når de åpenbart har feil!

Øyvinds chipsblogg mener at det er chipsindustriens samfunnsansvar å ta til motmæle.

 

Advertisements

Sørlandschips – Poppa chips mexican

Sørlandschips lanserte i fjor en ny serie med chips: poppa chips. Dette er en type chips som fremstilles med en hemmelig metode som involverer trykk og varme. Dette sikrer sprø chips uten at det er behov for fritering. Resultatet er en chips med 55 % mindre fett. Variantene som ble lansert i fjor er crème fraîche og spansk paprika. I høst kommer disse i ny innpakning samtidig som den nye varianten «mexican» lanseres. Her testes poppa chips mexican.

poppa-chips-mexicanPoppa chips er sprø på en annen måte enn friterte chips. Det er en slags tørr sprøhet, som sikkert har sammenheng med at oljeinnholdet er langt lavere. Chipsene er krydret med noe som minner om tacokrydder. Problemet med å gi en chips tacosmak er at taco er så godt etablert i Norge. Nordmenn har klare forventinger til hvordan det skal smake. Denne chipsen får deg til å tenke på et godt tacomåltid, og hvor kjip denne chipsen er i sammenligning. Til tross for dette gjør chipsen seg fortjent til terningkast tre.

Det er helt nødvendig å avslutte med en kommentar om den forvirrende språkbruken på forsiden av posen. Navnet på chipsen er «Poppa chips mexican». Hvilket språk er dette? Siden «mexican» kun er et engelsk ord, er det grunn til å anta at det skal leses på engelsk. Sørlandschips bruker nok engelsk for å kunne selge chipsen i utlandet. Problemet er at «poppa» har forskjellig mening på norsk og engelsk.  På engelsk er «poppa» en uformell måte å si «far» på, litt som det norske «pappa» (og gir for øvrig assosiasjoner til Notorious B.I.G. sin raplåt). Sørlandschips kan umulig mene at dette skal leses som «meksikansk pappa-chips», men det er det som står på posen.

Øyvinds chipsblogg oppfordrer chipsindustrien til å bruke norsk.

 

Maarud Potetfries med salt og Superchips med cracked pepper & sourcream

Innlegg nr. 5 i haustens relativt store test

Potetfries med salt

maarud-potet-friesMaarud relanserer ein gammal kjenning: potetfries med salt. Relanseringa blir ikkje møtt med applaus og jubel i smakspanelet. Snacksen er truleg mynta på barn og andre utan ferdig utvikla sanseapparat.

Ein paneldeltakar samanfattar: 100 % konsistens, 0% smak.

Terningkast to.

 

Superchips med cracked pepper & sourcream

maarud-superchips-cracked-pepper-sourcreamEtter to mislykka forsøk med rifla superchips har Maarud, etter oppmoding frå Øyvinds chipsblogg, gått tilbake til superchips slik dei skal vere: utan rifler. Nå lanserer Maarud ein superchips med smak av cracked pepper og sourcream. Først, kva er cracked pepper? Google: det er pepar som er litt grovare enn kverna og malt pepar.

Smakstestarane er samde i at chipsen har ein svak peparsmak, men at han har ein umåteleg sterk ettersmak av pepar! Ein kan bli freista til å tru at fenomenet skuldast at peparkorna har blitt knuste i staden for malne eller kverna. Trass i eit svakt førsteinntrykk, viser det seg at chipsen er god. Enkelte smaksdeltakarar kårar til og med chipsen til testvinnar!

Øyvinds chipsblogg gir terningkast fire.

 

Posane har eg fått frå Maarud.

Maarud – Vilt & høstløk og Skogsopp & urter

Innlegg nr. 4 i haustens relativt store test

Som i fjor haust, sel Maarud nå to slag nypotetgull i ein avgrensa periode. Her kjem dommen over Maarud – Vilt & høstløk og Skogsopp & urter.

Vilt & høstløk

maarud-vilt-og-hostlokChipsane er laga av nypoteter som er hausta i august og september og hauster lovord rundt bordet. Flaka er tjukke, rifla og har rikeleg med krydder. Dei har ein fyldig barbequesmak og minner litt om biff og løk-chips. Ein paneldeltakar seier at det er noko av det beste han har smakt innan potetgullsjangeren!

Sjølv om chipsen er god, er det overraskande at Maarud skriv at han er ein «perfekt start på ein haustmiddag». Da eg vaks opp, var chips sjølve antitesen til ein perfekt start på ein middag. Lærdommen var at chips tek knekken på matlyst og distraherer frå meir oppbyggelege og fornuftige fødemiddel. Nå er det nye tider, skal ein tru Maarud.

Eg er samd med ein paneldeltakar som seier at ein får nok av chipsen etter fire-fem munnfullar. Smaken fyllar etter kvart opp munnen, og nye munnfullar tilfører ikkje stort meir. For å nå heilt til topps må chipsen vere slik at ein får lyst til å eteopp alt! Terningkast fem.

Skogsopp & urter

maarud-skogsopp-og-urterChipsen er ganske lik Maaruds Smørstekte kantareller & crème fraîche frå i fjor. Maarud treffer godt på soppsmaken, men chipsen har noko mildt kvalmande over seg. Ein paneldeltakar fortel at smaken minner om soppsuppa faren hans pleidde å lage frå botnen av, med hermetisk sopp og smårettsskinke. Eg veit ikkje om han er ein dugeleg kokk.

Chipsen får terningkast tre.

 

Dei to posane her har eg kjøpt sjølv, i motsetnad til dei andre produkta frå Maarud i testen.

Tartuflanghe – Potetchips med trøffel

Innlegg nr. 3 i haustens relativt store test

tartuflanghe-truffle-chipsVanlegvis testar eg berre potetchips som er produsert i Noreg, men denne har eg hatt lyst til å prøve lenge. Så vidt eg veit, er han Noregs dyraste potetchips.

Chipsen har ein sterk dunst av noko vi går ut frå er trøffel. Smaken utviklar seg litt som ein superheltfilm: han startar greitt, men går fort heilt over styr. Ein paneldeltakar seier at det er som om ettersmaken tar ein heis opp i biholene og legg seg der og gror ein soppkultur. Du trur det ikkje før du smakar!

Det er artig med ein chips som smakar trøffel, men han er ikkje veldig god. Terningkast to.

Eg trur dette er ein chips ein må lære seg å like. Eg kjem tilbake om eit halvt års tid med oppdatert smaksrapport!

Maarud – Salt (Laga på gamlemåten)

Innlegg nr. 2 i haustens relativt store test

Maarud salt gamlemåten3.jpgNå er det 80 år sidan Maarud starta å selge potegull. For å feire seg sjølv sel dei, i ein avgrensa periode, chipsen slik han blei laga på 30-talet. Maarud har sendt ein pose til Øyvinds chipsblogg for utprøving.

Utsjåandet på posen er lik originalen, men eg skulle ønske at Maarud selde chipsen i original papirpose. Da ville han ha skild seg ut. Det gjer han ikkje nå (tips til 90-årsjubileet). Smakspanelet har ikkje mykje å seie om chipsen. Flaka er litt sprøare og smakar litt meir salt enn den moderne utgåva av Maarud sin salte chips. Terningkast 3.

Det er vanskeleg nok å livnære seg som chipsskribent i vår tid. Eg tør ikkje tenke på korleis det var i 1936!

 

Rema 1000 økologiske potetchips – Havsalt og Paprika

Innlegg nr. 1 i haustens relativt store test

I år har eg lagt merke til at Rema 1000 har fornya utsjånaden på billigprodukta sine. Rema 1000-produkta har stort sett vore anonyme og stusslege, men nå er dei blitt riktig så appetittvekkande. Det same gjeld dei nye chipsane til Rema 1000, som Sørlandschips produserer. Chipsane er laga av økologiske poteter. «Det kjenner du på smaken», skriv Rema 1000. Dersom det er ein samanheng mellom økologisk landbruk og smaken på dei chipsane her, spår eg ein snarleg kollaps i marknaden for økologisk mat.

Havsalt

rema-1000-oko-havsaltHavsaltchipsen har ein svært keisam smak. Ein paneldeltakar skildrar smaken som ei blanding av luft og kokt potet. Ein annan får assosiasjonar til konfirmasjonsundervisninga, og samanliknar chipsen med eit fritert alterbrød. Det er vanskeleg å ense saltsmaken. Chipsen har faktisk 30% mindre salt enn paprikachipsen som eg omtalar nedanfor.

Ein kan trygt seie at dette er ein klassisk Rema 1000-chips. Terningkast ein.

Paprika

rema-1000-oko-paprika

Da eg opna posen, kjende eg ein svak dunst av paprikachips. Det er det beste eg kan seie om chipsen. Han smakar ingenting. Chipsen gir same kjensle i ganen som støvet som blir kvervla opp når ein bil køyrer forbi deg på ein landeveg. Ein paneldeltakar sa, uten ironi, at lyspunktet er ein og annan svidd chips, som i det minste smakar noko. Terningen viser null auge.

Det er lett å forstå kvifor Rema 1000 ønsker å samarbeide med Sørlandschips, som har eit godt omdøme. Det er vanskelegare å forstå kva motivasjon Sørlandschips har. Dette blir ein skamplett i historia til Sørlandschips AS!

Haustens relativt store test

4I høve bloggens eittårsjubileum kjem det nå ein større test enn vanleg. Eg har fått hjelp av eit drivande dyktig smakspanel for å teste nokre av haustens nye chips. For å sikre mangfald og truverde er panelet sett saman av dei i min vennekrins som best representerer Noregs befolkning. Av omsyn til personvern viser biletet berre det mest naudsynte (tekne frå Facebook utan samtykke). Vi testar åtte typar chips, i all hovudsak chips Maarud har sendt meg.

Resultata blir samla opp nedanfor etter kvart som innlegga blir ferdigskrivne:

 

Maarud 3Amigos og I♥Hjerter Paprika

Februar er månaden da snacksindustrien lanserer nyheitene sine. Det er aldri lett å vite korleis folk vil ta imot dei. Ein god metode for å finne folkemeininga er å kjenne på den kolesterolforpesta hovudpulsåra til snacksnoreg: Øyvinds chipsblogg. Maarud har skjønt dette og sende nokre posar hit for testing. I år satsar Maarud tungt på nøtter, men relanserer også 3Amigos og I♥Hjerter Paprika. Nøtter skil ikkje Øyvinds chipsblogg, så her kan du berre lese om dei to sistnemnde.

3Amigos 3Amigos blei tatt ut av produksjon for nokre år sidan. No er posen tilbake i hyllene med nokre endringar. Tortillachipsane er framleis dei same som i Maaruds Tortilla cheese. På eiga hand kvalifiserer desse chipsane til terningkast seks, men her deler dei pose med sombreros og ramitas. Sombreros– og ramitaschipsane gir tydelege assosiasjonar til Maaruds Sombreros, men dei har fått ein sterkare smak. Eg tykkjer den nye blandinga er betre enn den førre, men eg føretrekker ein pose med berre tortilla.

hjerter2I♥Hjerter med smak av paprika har vore på marknaden før, med namna Julehjerter og Sommerhjerter. Eg har aldri vore ein fan av det produktet her, men det har tydelegvis vore så populært at Maarud har bestemt seg for å lansere det som eit heilårsprodukt. Hjarta har ein søt og mild paprikasmak. For meg er det i hovudsak forma og konsistensen som trekkjer inntrykket ned. Dei er store, så ein må gape høgt for å få dei inn i munnen, men dei er svært luftige, så dei forsvinn i munnen etter eit par tygg. Det er uforholdsmessig mykje gaping, men dei er fine å sjå på. Det er synd at valentinsdagen alt har vore, for det her kunne ha vore ei ypparleg gåve!

Pringles – Sour Cream & Dill

Pringles DIllI dei siste åra har ein samla norsk chipsindustri forsømt eitt av dei viktigaste samfunnsoppdraga sine: å sørge for at norske forbrukarar har tilgang til chips med smak av dill. Heldigvis gjer ei gruppe amerikanarar ein innsats for å fylle ansvarsvakuumet. Som eit krisetiltak tilbyr Pringles ein chips med smak av rømme og dill.

Når ein kjøper Pringles, veit ein alltid kva ein får: Alle chipsane er identiske i storleik, form og smak. Det tok lang tid før eg forstod at chipsane ikkje var kutta opp, men laga av potetmjøl!

Mitt første møte med Pringles var på ein klassetur på barneskulen. På bussen på veg til Skogbruksmuseet på Elverum spreidde det seg eit rykte om at ein klassekamerat hadde med ein forunderleg snacks i ein raud sylinder. Eg hugsar at eg var ekstra sjarmerande og vennleg mot nemnde klassekamerat og fekk sitte i lag med han på bussen heim. Når eg ser tilbake, innser eg at eg var ein kynikar av rang – klassa si Littlefinger. Ein potet-«gold digger», om du vil. Ein gjer det ein må.

Etter at hender og smak har vakse, har Pringles blitt gradvis meir upraktisk og uaktuell. Derfor er det med stor glede at eg kan melde om at Pringles har laga ein ypparleg dillchips med fyldig smak av rømme. Sjølv om chipsane har Pringles sin særprega støvsmak, gjer chipsen seg fortent til terningkast fire!